Workshop med Jørgen Larsson

Workshop med Jørgen Larsson i Stavanger, Oslo og Trondheim

Boka Håndbok for lydarbeid i visningsrom av Jørgen Larsson vart publisert av Lydgalleriet i 2018. Redaktørar for boka er Sissel Lillebostad og Bjørnar Habbestad.

http://www.jorgenlarsson.org/index.php/en/projects/51-håndbok-for-lydarbeid-i-visningsrom

I veke 10 sendte PNEK Jørgen Larsson på norgesturne for å formidle kunnskapen som ligg til grunn for boka gjennom ein praktisk workshop. Kunnskapen har Larsson opparbeida seg gjennom mange års arbeid med lydkunst i ulike rom og format. Lydgalleriet var initiativtakar til turneen etter å sjølv ha hatt ein svært vellykka workshop i eigne lokale våren 2018. Samarbeidspartnerane for å få gjennomført turneen var Lydgalleriet i Bergen, i/o/lab – senter for framtidskunst og Rogaland Kunstnarsenter i Stavanger, Atelier Nord i Oslo og TEKS – Trondheim elektroniske kunstsenter i Trondheim. Workshopdeltakarane var både teknisk stab, kunstnarar, kuratorar og tilsette ved galleri og museum. Workshopen var svært populær, og alle fire workshopar var fullteikna!

Bileta er frå dag 2 på Atelier Nord. Photos: Zane Cerpina